Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

Et glimt av historie frå Lifjell.


Den 25. september hadde Bø bygdekvinnelag blitt invitera til å ha medlemsmøtet sitt på Jønnbu hos Aslaug Farnes. Hær skal vi få høre litt om historia til Jønnebu. 

Me var 13 damer tilstades. Aslaug Farnes skulle også fortelle litt om Lifjell frå eldre tider. Ho var ikkje fødd på Jønnbu, men på Raukleiv ein plass litt lenger ned mot bygda. 
Namnet Jønnbu kjem av jern. Dei hadde frå gamalt av funne litt jern i ei myr i nærleiken. Jønnbu ligg fint til og med utsyn mot bl.a. Skrim – Jonsnuten – Roheimheia –  Åse-gardene og Sauherad med Norsjø i bakgrunn.
I 1908 kjøpe slekta til Aslaug stulen, Jønnbu saman med ein nabo, men etterkvart overtok dei heile Jønnbu. Frå gamalt av blei det halde jonsokvak (jonsoktilstelning) på Jønnbu og det kom folk farande frå fleire bygdelag. Det har også knytt seg segner til denne plassen. I 1956 blei det bilveg opp til Jønnbu. Da blei det mykje meir liv  på fjellet.
Det blei serverte suppe, kaffe og kaker.
Me måtte ta oss tid til å sjå på TV. Det skulle visast frå Lifjellstugo, Det blei ein skuffelse, programmet handla berre om elgjakt, men dei satt visst utafor Lifjellstugo å prata.

Til slutt  takka me  Aslaug for ein triveleg kveld og avslutta med sangen: Hu hei kor er det vel friskt og lett oppå fjellet. Deretter sang Aslaug ein sang dikta om fjellet av ein speider frå Larvik som hadde vore på Jønnbu for ein deil år siden.

Det var en koseleg kveld.