Flatbrød og lefsekurs.
Torsdag 10. november 2016 var siste kursdag av tre som Bø Bygdekvinnealg har skipa nå i haust.
Det var ein fin gjeng på åtte damer, i tillegg var det ein liten snill gut på bare 6 1/2 veke, han heitte Helmer og sat i sele på mor Tuva Farstad sitt bryst. Dei andre som var med : Kari Haukvik Grave, Anne Moe, Lise-Lotte Stange Mathisen, Lene Holtan, Anne Kristine Tobro, Ingebjørg Brattespe Lahus og Kjersti Moen.
Fyrste kvelden bake vi flatbrød, deretter kling og siste kvelden potetlefse. Som vanleg hadde vi med oss vår dyktige lærar, Anne Grethe Hegnastykket. Siste kurskvelden var og Inga Haugland og Ragnhild Forberg med som hjelparar.
Avslutta kvelden med kaffi/te og smaksprøver av baksen.