Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

Kva skal vi ha til middag ?


Dette er eit innlegg som vart sett inn i Bø Blad 27. april. 2017.

Til middag i dag og i framtida vil me i Bø Bygdekvinnelag ha rein, trygg og norsk mat. Mat som er produsera på både små og store gardar over heile landet. Jordbruksoppgjeret har stor betydning for om dette kjem til å skje i åra framover. Til middag i dag og i framtida vil vi ha mat frå flinke bønder som tek i bruk nye driftsmåtar. Men også mat dyrka på gamle tradisjonar er svært viktig med tanke på å kunne tilby ulike smaker og lokale matprodukt. Vi veit at mat produsera på små og store bruk over heile landet er sunn og god mat. Det er den maten som vi har lyst til å servere og eta i tida framover. Styret i Bø Bygdekvinnelag håpar på eit jordbruksoppgjer som gjev produsentane gode rammevilkår, slik at det kan drivast eit godt landbruk i komande år. Eit aktivrt godt drive landbruk gjev eit åpe og fint kulturlandskap. Denne delen er også svært viktig for landbruket vårt. Gjengroing  av Norge bør stoppast. Med tanke på turistnæringa er også eit aktivt og godt drive landbruk  veldig viktig. Vårt håp er rein, sunn  Norsk mat på bordet i dag og i tida framover.

 

Styret i Bø Bygdekvinnelag.