Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

Medlemsmøte hjå Aaste Ulvenes.


1. mars 2017 kl. 19.00.

Leiaren vår Helga Eika ønskte 12 medlemmer velkommen denne kvelden. Åpna møtet med ein sang og ord for dagen.

Deretter vart det orientert om nyheter fra sentralt hold. Det var oppfordre om at medlemmene gikk inn på heimesida til Bygdekvinnelaget, fulgte med på nyheter både lokalt og sentralt.

Av nytt vart nemt at det skal velgas "Årets lokallag", oppfordra om å stemme på dette. Ei anna sak var at lokallaga skulle ha sin eigen logo.

I år  er det Fylkesårsmøte 1. april 2017 i Fyresdal. Helga Eika og Ruth Staurheim møter som repr. for Bø Bygdekvinnelag.

Vi skal delta på Bø-marken i oktober 2017. Få med nye og unge medlemmer til å hjelpe på stand. Tema: Ville vekster".

Anne Grethe Hegnastykket orienterer om Kvinnekonferansen 2017, I år er den på Akademiet i Rauland. Denne går over 2 dager i november.

Inspirasjonsseminar i Bergen 20 - 23 oktober 2017.

Bjørg Andresen hadde skrevet i lagavisa vår "Samhug". Ho fortel om arbeidet ho er med på gjennom hjelpesendingane til Pasvalys i Lithauen. Dei reiser med fulle bilar som er lasta med julegaver, klær og andre ting som trengs der. Ho fortel at det er mange familiar som har trange kår. Anbefaler også andre til å være med på desse turane.

Det vart servert pizza, kaffi og kaker. Triveleg kveld.

Til slutt ei stor takk til  Aaste Ulvenes for ein fin kveld hjå henne.

Ønskte alle vel heim.