Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Mar
08
Fri

Kvinnedagen

BakarJon
-
Kristin Daling Felde, tlf 99591726

Breim bygdekvinnelag og Bakar Jon inviterer til ei triveleg samling i kafeen på Bakar Jon på sjølvaste kvinnedagen; nettopp for å feire kvinna og ha det kjekt i lag.

Tema for kvelden er Kvinnehelse.- Heidi Fortun er helsesjukepleiar og jordmor og arbeider ved God Start på Nordfjord sjukehus. Ho vil med sin kunnskap og erfaring, og med skjemt og alvor, formidle eit svært viktig tema. 

Sigrid Moldestad kjem også denne kvelden og vil trylle fram nokre musikalske godbitar. Vi server i tillegg  kyllingsuppe, godt brød og kaffi. Baren er open og du kan kjøpe valfri drikke. Kanskje er du også ein av dei heldige som vinn trekkegevinst på inngangsbilletten din. Vi håper at du kjem!

Det er avgrensa tal plassar, så her gjeld det å vere snar - 

Du melder deg på med ein sms til 99 59 17 26. Gi  også då beskjed om eventuelle matallergiar.

Inngangsbillett denne kvelden er 100,- kr (resten dekker Bygdekvinnelaget) og inkluderer velkomstcider, mat og kaffi. Du vippsar til 126919.

Påmeldingsfrist innan 06.03.24 kl 18

Vi gledar oss - helsing Breim Bygdekvinnelag og Bakar Jon