Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Mar
08
Sat

Kvinnedagen 2025 med bokprat og tapas på Bakar Jon

Bakar Jon, Byrkjelo
-
Kristin Daling Felde, tlf 99591726

Breim bygdekvinnelag inviterer, medlemmer og deg som ikkje er medlem, til markering av kvinnedagen laurdag 8.mars på Bakar Jon.

Vi er heldige som har fått Kristin Vee frå Øvre Årdal til å vere med oss denne kvelden. Kristin er 54 år og har fire born i alderen 29-14 år. Ho arbeider som journalist og spaltist, men har 26 års erfaring i arbeid med barn og unge. Ho er no aktuell med sin fyrste roman. - LIV; ei sterk og rørande fortelling om livet sine enkle, men samtidig kompliserte kampar.

Gjennom historia om Anne og Liv, to kvinner med heilt ulike liv, men ei felles lengt etter ro og stabilitet, vert lesaren invitert med til å reflektere over familie, relasjonar, traumer, sjølvinnsikt og behovet for å tilgi. - Romanen er eit gripande portrett av kva det vil seie å vere menneske og kor viktig det er å bry seg om kvarandre.

Program:

Kl 18.30            Dørene opnar.

                         Velkomstdrink og høve for bokkjøp og boksignering

Kl 19.15            Bokprat av Kristin Vee

Kl 20.00            Servering av Tapastallerken

Kl 00.00            Dørene stenger

 

Inngangsbillett er kr. 375,- og skal betalast til Bakar Jon kafeen når du kjem. - Trekking av 10 gåveposar blant dei påmeldte. - Det blir open bar der du kan kjøpe valfri drikke.  

 

Det er avgrensa tal plassar, så derfor treng vi bindande påmelding på sms til leiar i Breim Bygdekvinnelag, Kristin Daling Felde tlf  995 91 726, innan 01.03.25

Dette blir ein kveld for hygge, ettertanke, god mat og drikke. – Velkommen!