Mar
06
Fri
Mat og Vinkveld
Breim bygdekvinnelag inviterer til ein hyggeleg fredagskveld i Breimshallen med god mat og drikke til. Arrangementet har 18 års aldersgrense og er ope for både kvinner og menn, medlemmer i Breim bygdekvinnelag eller ikkje medlem, Breimningar, hyttefolk og andre interesserte.
Vi samarbeider med Norske kokkers Landsforening-Sogn og Fjordane, som vil trylle fram ein 3-rettersmiddag. Sommelier/vinkelner Silje Kristin Moldestad kjem heim frå Bergenskanten og vil sette god drikke til rettane og lære oss litt om korleis drikke kan framheve ulike smakar i dei forskjellige rettane. Det vil bli både alkoholfrie og alkoholhaldige alternativ.