Mar
08
Wed
Medlemsmøte og markering av kvinnedagen
Velkommen til medlemsmøte i Breim Bygdekvinnelag med markering av kvinnedagen. Dette er eit ope arrangement, også for deg som ikkje er medlem i laget, og det er ingen påmelding.
Program:
- Foredrag av Bente Egge Søvde:
"Det er best å bu heime - eller? Å leve i grenseland mellom heim og sjukeheim"
Bente er sjukepleiar med lang erfaring frå heimesjukepleie. Dei siste åra har ho vore tilsett ved sjukepleieutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, der ho har undervist og forska på helseteneste for eldre. Bente held for tida på med ei doktorgradsutdanning der ho studerer dei levde erfaringane til heimebuande eldre med store og samansette behov, og deira pårørande.
- Musikalsk innslag med Britt Willumsen (song) og Arne Søholt (trekkspel)
- Hyggeleg samver med servering og åresal med gevinstar