May
10
Sat
Sommartur
Breim Bygdekvinnelag sin sommartur blir i år tidleg, pga festdagar og arrangement som ellers er i mai og juni. Vi håper derfor at mange set av laurdag 10.mai til ein fellestur til Solvorn i Sogn. Vi vil besøke Walaker hotell. Der vil vi få omvisning på hotellet, hagen og galleriet, samt ein 2 retters lunsj. Dette blir ein flott tur i nydelege omgjevnader og til ein stad med ei spennande historie.
Oppmøte ved Moldestadbygget kl 9.30, og avreise seinast 09.45. Felles køyring.
Pris for medlemmer i Breim bygdekvinnelag 550,- kr (+100,-kr for køyring til den du sit på med)
Pris for ikkje medlem i Breim bygdekvinnelag 865,- kr (+100,-kr i køyring til den du sit på med)
Meir informasjon om påmelding kjem seinare.