Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Årsmøte i Kandalen

Årsmøte 17.10.2019 vart arrangert av Nedrebygda, i Kandal grendahus. Vi starta kvelden med besøk i atelieet til Solveig Thingnes Kandal. Ho fortalde om yrket sitt som kunstnar og vi fekk sjå masse flotte kunstverk. Veldig kjekt å få oppleve dette.
Så gjekk vi tilbake til grendahuset, fekk servert nydeleg grønnsakssuppe og eplekake frå damene i Nedrebygda. Takk for ein fin kveld i Kandalen.


Nytt styre ser slik ut for 2020 Gudrun Hjelle, Turid Nerhus, Berit Ellefsplass Sørland Marit Moldestad, Torhild Merkesdal (ny) varamedlemer er Kari Paulen og Grete Saur. Det er foreløpig ikkje noko ny leiar i laget, og valnemnda overlet til styret og konstituere seg, evt finne ei løysing på dette. Linda takka av etter 1 år som leiar, og 2 år i styret.