Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Byvandring i Førde

Byvandring og historiefortelling om Førde

Cecilia

Sanna

Årsmøte i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

Årsmøte for Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag vart arrangert i Førde 18.-19. mars 2023 med 28 deltakarar; Kristin Daling Felde deltok for Breim Bygdekvinnelag. Det var vanlege årsmøtesaker og i tillegg innkomne saker som alle handla om medlemskontingenten i laget. Sanna Røhr frå Norges Bygdekvinnelag fortalte om aktiviteten i hovudlaget og oppfordra oss til å vere synlege og stolte bygdekvinner. Cecilia Lyslo frå Innvik Bygdekvinnelag hadde ei fin orientering med lysbilder i frå ein spennande og lærerik tur til Guatemala. Hans Jakob Reite tok oss med på ei interessant og humoristisk byvandring i Førde, og laurdagskvelden vart avslutta med hyggeleg middag, kaker og bordkonkurranse.