Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

MNT på turleiarkurs i Stardalen

Generalsekretæren i DNT, Katrine Fjellestad Aske, Knut Roger Nesdal

Bli betre kjent med DNT


Leiar i Midtre Nordfjord Turlag, Katrine Fjellestad Aske  og Bente Ellingvåg , turleiar  for seniorane orienterte om aktiviteten i Midtre Nordfjord Turlag.


Turtips frå Katrine; Ha med kokeutstyr og ta pausar og kose seg ute på tur.


Meir informasjon om turane og medlemskap finn ein på  UT.no, mnt.no og Facebook: Midtre Nordfjord Turlag.


 

Onsdag 19. april kl 19.30 møtte vi, 32 medlemar, opp i Breidarheim med tema for kvelden;  Bli betre kjent med DNT.

Leiar i Midtre Nordfjord Turlag, Katrine Fjellestad Aske  og Bente Ellingvåg , turleiar  for seniorane orienterte om aktiviteten i turlaget, utstyr ein kan låne, for eksempel truger, stegjarn osv. Dei orienterte om seniorturane der farten ikkje er fullt så rask, fleire kan være med, ikkje nødvendig å være senior for å være med.

Vi fekk sjå oppsett over planlagde turar, dette er turar  vi kan tenke oss å være med på.

Turtips frå Katrine; Ha med kokeutstyr og ta pausar og kose seg ute på tur.

Meir informasjon om turane og medlemskap finn ein på  UT.no, mnt.no og Facebook: Midtre Nordfjord Turlag.

Grete Lysen ønskte oss velkomne, vi koste oss med salatar, focaccia +platekaker til kaffien og avslutta med standard åresalg.

Innimellom alt dette las Astri Volle tekst frå gammal lagsbok frå Ungdomslaget, framtidsvyer som kanskje ikkje stemte heilt med dagens verkelegheit?

Katrine Fjellestad Aske og Bente Ellingvåg