Bygdedag i Breim lørdag 21.september
DET KJEM SNART EIN INVITASJON I EI POSTKASSE NÆR DEG. HER ER LITT AV DET SOM STÅR I DEN:
Programmet startar kl 19.30
Du kan glede deg til:
-Musikk, song og dans ved breimselevar m.fl. frå Gloppen Kulturskule
-Møte med Rohim frå Myanmar
-Nour med venar dansar syrisk dans
-Breim seniordans
-Ei overrasking har vi og...!
Kveldens konferansier er Frida Bjørnereim
Etter programmet, ca. kl 21.00, blir det mat, prat og fellesskap utover kvelden, til ca. kl 22.30.
Målet er å møtast på tvers av generasjonar, interesser og kulturar.
Festen er gratis! Vi håpar at mange kjem og ser fram til å sjå dykk!
Du er hjarteleg velkomen på vegne av arrangørkomitèen: Breimsbygda Idrettslag, Breim Bygdekvinnelag, Breim Bondelag, Byrkjelo Utviklingslag, Reed Utviklingslag og Kyrkja i Breim