Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Haustmøte i skulehuset på Høygardane.


Haustmøte i skulehuset på Høygardane.

Tirsdag 12. September 2017  kl. 19.30.

Septembermøte i skulehuset på Høygardane. Øvrebygda inviterte til møte i skulehuset på Høygardane, eit hus mange av oss aldri har vore inne i, berre gått på tur forbi. Hilde Kvile ønskte oss velkomne og vi song Nordfjordsongen. Bjørg Aurlien frå Høgt og Vilt i Devik fortalde om drifta av firmaet sitt, og ho takka oss alle for den store interessa vi viser slik at ho kan leve av dette som ho har holdt på med i 20 år. Ho fortalde om Urte-te blandingane sine, te til å kose seg med, sunt og godt for kroppen. Vi fekk og smake dei forskjellige teblandingane.
Krydderurter er eit anna produkt ho lagar, urter skal berike smaken av maten, kinagrasløk anbefalar ho veldig.
Kake- og salatpynt er eit tredje produkt.