Høyringssvar frå Breim Bygdekvinnelag; vedrørande tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring og særskilt tilbodet ved Firda vidaregåande skule
Breim bygdekvinnelag er oppteken av trygge, inkluderande, mangfaldige og levande lokalsamfunn. Vi ser på bygda og distrikta som gode lokalsamfunn, og vi er stolte av kva vi i fellesskap med andre får til, slik at bygdene våre kan vere attraktive område for busetting, oppvekst, skule, arbeid, fritid og alderdom.
Fylkesutvalet vedtok 04.01.24 nokre førande prinsipp for tilbodsstrukturen i Vestland fylke, bl.a:
· Vidareføre den desentraliserte skulestrukturen. I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar moglegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde.
· Ha eit tilbod om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programområde.
· Sikre eit så likeverdig og breitt tilbod som mogleg ved å nytte nettundervisning som eit supplement til det integrerte og ordinære tilbodet for alle elevar.
· Samle fagtilboda der det er føremålstenleg, slik at ein sikrar sterke fagmiljø og ei effektiv utnytting av areal og utstyr.
· Nytte eksisterande bygningsmasse på ein effektiv måte, bygge og rehabilitere for eit fleksibelt bruk.
· Sikre at flest mogleg vg1-elevar slepp ufrivillig lang reiseveg.
· Fremje inkludering og mangfald blant elevane ved skulen.
· Sikre eit pedagogisk og sosialt godt tilbod til alle elevar.
Med utgangspunkt i desse prinsippa så er det svært urovekkande at det blir foreslått å ta vekk tilbodet om studiespesialiserande ved Firda vidaregåande skule. Studiespesialiserande er eit basisprogram som bør vere på alle vgs i fylket. Dersom det blir ei klasse studiespesialiserande på kvar av dei fire vgs i Nordfjord, og i tillegg ei klasse basert på kor søknadstala er størst, så sikrar vi at elevane får eit opplærings- og linjetilbod i sine nærområde. Ved å nytte nettundervisning kan fagvala elevane har tilgang til, til og med bli rikare enn dei er ved dei enkelte skulane i dag. Digital undervisning er komen for å bli, og noko elevane vil møte meir av i sine framtidige studieval.
Å ta vekk studiespesialiserande ved Firda vgs vil øydelegge for dei andre studieførebuande tilboda ved skulen. Det er bygd opp solid kompetanse ved skulen gjennom mange år, og der er eit fantastisk skuleanlegg som er godt tilpassa dei tilboda skulen har i dag innan studie, idrett, dans, drama og musikk. Det har vore god søknad til Firda vgs i mange år, og komande skuleår er det full klasse. Skulen har eit godt skulemiljø med ungdomar som trivest og som tek vare på kvarandre. Så kvifor ta vekk noko som fungerer - og som til sjuande og sist vil bygge ned ein heil skule som i dag gir skuleplass til 340 elevar og arbeidsplass til 60 tilsette?
Gjer heller skulen meir mangfaldig og attraktiv for lokale og hybelbuande ungdomar. Firda har erfaring med vaksenopplæring gjennom Gloppen-modellen som har utdanna mange dyktige helsefagarbeidarar som arbeider i kommunen i dag. Skulen har såleis erfaring, lokalitetar og nettverk til å kunne tilby helse og oppvekstfag vg1 og helsefagarbeidar vg2. Med ein aldrande befolkning, er dette kompetanse som er viktig for framtida.
Breim Bygdekvinnelag består av mange mødrer som har eller har hatt born som har vore elevar på Firda vgs. – Å ha moglegheita til å gå desse tre viktige skuleåra på ein trygg og god plass som Firda, ser vi er viktig for ungdomen vår. Desse tre åra gir venskap, kunnskap, dei er dannande, identitetsformande og dei skaper tilhøyrsle til Gloppen.