Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Januarmøte Retunet
Januarmøte Retunet
Kari Jordanger

Januarmøte på Retunet

I ettermiddag har vi vore på koseleg januarmøte på Retunet. Det var fullt hus og Skuggesida sytte for god mat og koseleg stemning. Kari Jordanger fortalde om gamle juletradisjonar i Breim, både frå veldig gamle dagar og litt gamle dagar. Sigrun Seime las vers frå eit gamalt hefte «Julesongar frå Breim» . Så hadde vi åresal med fine vinstar, og ettermiddagen vart avslutta med at Sigrun Reed kom og spelte piano og vi sang nokre julesongar. Ein koseleg ettermiddag med 34 frammøtte.