Matberedskap i fellesskap
Innlegg i Firda Tidend av 19.05.20.Dette er verd å lese! Kan desverre ikkje få det inn på denne sida, men om du går på nettet/FB (eller har avisa framleis) så ta ein titt.
Det handlar om at vi bør være meir bevisst i kva vi produserar og kor. At vi alle har eit ansvar og ikkje minst styresmaktene, at det må tilretteleggast for produksjon av mat. At det norske landbruket kan være levedyktig og at ein bør kunne produsere over heile landet. Vi må ha eit mangfald av produksjon.Vi må ha kunnskap om lokale mattradisjonar og tilrettelegging av mat, noko Bygdekvinnelaget er særs oppteken av og arbeider med å formidle denne kunnskapen. Vi bør redusere trongen for impotert mat. Vi som samfunn treng eit felles løft for å auke produksjonen av det som det ligg godt tilrette for å produsere i Norge.
Alle bygdekvinnelaga i Gloppen står bak inlegget i avisa, og meiner dette er ei viktig sak å formidle.