Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Medlemsmøte på Byrkjelo Tunet

Medlemsmøte i januar var på Byrkjelo Tunet bukollektiv. Vi vart godt motteke, med mange frammøte i tillegg til bebuarane, og Anny leia samlinga. Det vart servert julekaker, lefser, julebrød og runde kaker, mykje god mat, og praten gjekk livleg. Vi hadde gang rundt juletre, åresal og der var opplesing og song. Vi fekk også nydelig pianospel av barnebarnet til Astrid Førde, Henrik Berg Førde  Ingemar avslutta med å takke Bygdekvinnelaget for at dei ville komme på besøk, og la vekt på at det var ein veldig fin plass å bu. Dette vart ein kjekk ettermiddag.