Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

22 blide damer i trappa til Leonards Forlaavelse i Hellevika

22 blide damer i trappa til Leonards Forlaavelse i Hellevika

Damene ved Jakob Sande sine ripsbusker. Soga seier at han låg under desse trea ein sommardag og skreiv "det lyser i stille grender"

Damene ved Jakob Sande sine ripsbusker. Soga seier at han låg under desse trea ein sommardag og skreiv "det lyser i stille grender"

Ordførar Kjetil Felde tok seg sjølvsagt tida til ein prat med Breimsdamene

Ordførar Kjetil Felde tok seg sjølvsagt tida til ein prat med Breimsdamene

Frå skulehuset. Alexander fortel om Lillingstonheimen

Frå skulehuset. Alexander fortel om Lillingstonheimen.

Lunsjbuffè i Leonards Forlaavelse

Lunsjbuffè i Leonards Forlaavelse

Urtehagen i Leonards Forlaavelse

Urtehagen i Leonards Forlaavelse

Hagestova i Leonards Forlaavelse

Hagestova i Leonards Forlaavelse

Vertinne Tone presenterer lunsjbuffè

Vertinne Tone presenterer lunsjbuffè

Lillingstonheimen på Tysse

Lillingstonheimen på Tysse

Sommartur til Fjaler

Laurdag 3.juni reiste vi 22 damer i frå Breim Bygdekvinnelag på dagstur til Fjaler. Vi kom heim glade og fornøygde, gode og mette, og alle var eininge om at det hadde vore ein fin tur.

I Dale fekk vi omvisning i Jakob Sande-senter/Klokkargarden. Vi fekk inn å sjå oss om i Bestefarsstaua, der Jakob Sande vart født 1.des 1906 (d. 1967). I skulehuset møtte vi Alexsander Rauboti som er tilsett i Fortidsminneforeningen og som bur i Lillingstonheimen på Tysse. Han fortalte engasjerande, og på sparket, ein kortversjon om familien Landmark og familien Lillingston.

I Dale sentrum var det liv og røre og vi møtte ordførar Kjetil Felde som slo av ein prat med Breimsdamene, ungdomar frå United World College som gjorde seg klare til Pride-markering og i tillegg allsang og trekkspelmusikk i gata.

Frå Dale gjekk turen vidare til Leonards Forlaavelse i Hellevika. Her tok Tone Undertun hjarteleg i mot oss. Ho og mannen Inge Antonsen har bygd om bestefar Leonard sin låve til selskapslokale, butikk med gamalt og nytt, og utanfor urtehage og hagehus med blomar, lys, såpe og antikk. 

Vi fekk servert ein aldeles nydleg lunsjbufè med ostepai, spekemat, laks, godt brød, gode ostar og marmeladar, eplemost, rabarbrasaft, ostekake, lefse og kaffi. Vi lot oss sjølvsagt freiste til å handle gode ostar og fine ting. 

På veg heim tok vi ei kort hagevandring ved Lillingstonheimen, sidan vi hadde fått så fin informasjon om staden tidlegare på dagen. 

Ein tur til Fjaler kan anbefalast og ei matoppleving i Leonards Forlaavelse er absolutt verdt turen. Takk for oss!