Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Sommartur til Tistham og Olden

Laurdag 1.juni 2024 var det 19 deltakarar med på Breim Bygdekvinnelag sin sommartur til Tistham og Olden.

På JUV tok Rønnaug Berge Leite godt i mot oss og vi gjekk opp i tunet, som er hennar barndomsheim. Vi fekk velkomstdrink av eplemost frå eple som kun veks her, Djuvsteineple. Aldeles nydeleg.  Ho lagar og sylte og saft av sjøldyrka bringebær, og vi fekk med oss kvar sitt  glas med sylte heim. Rønnaug viste oss rundt i tunet og fortalde om korleis ho og mannen Paul har restaurert og bygd opp hennar barndomsheim til ein nydeleg plass der folk kan søke utsikt, fred, ro og historie i en travel kvardag. 4 utleigehus og utsiktsbad. Juvsøyna og Gamletunet er blitt utsiktshus på Juv, men er gamle skulehus frå Hornindal som er flytta hit. Masse godt arbeid er gjennomført og fleire prosjekt på gong.  Det er imponerande kva dei har fått til her, sidan  Rønnaug overtok barndomsheimen i 1996. Plassen må berre opplevast! Imponerande og inspirerande. På juv.no kan du lese meir om staden.

Turen gjekk vidare frå Tistham til Olden. Singerheimen i Olden var sommarbustaden til Anna og William Singer frå USA. Ein unik stad som no  blir tatt godt vare på av eldsjeler. Etter nydeleg afternoon tea fekk vi høyre historia om plassen, kjærleiken, rikdommen og veldedigheita. Huset er ei autentisk oppleving av Anna og William si tid og "herskap og tjenere"- seriar frå TV blir veldig levande for oss. På https://singerheimen.no kan du lese meir. 

Ein flotte dag i Nordfjord, "berre eit steinkast på hi sia av fjellet"