Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Stilt lenge på denne sida.....??

Hei alle gode bygdekvinner!

Det har vore stilt lenge på denne sida no, og vi KAN jo skulde på Koronaviruset og alle restriksjonane, MEN, det ville rett og slett bli litt feil. Det er nok skribenten som har vore litt i "dvale" men har no vakna til igjen :) 

Det har ikkje skjedd så mykje no i desse Korona tider, men vi fekk no gjennomført eit vellukka 8.mars arr, før "Norge stengde ned". Det var stort oppmøte ca 120 stk og vi måtte til med ekstra stolar!! Heldigvis så var det lagt opp til at alle skulle ta med litt mat, så her var det rikelig, og den var kjempegod, takk til alle!. Programmet var variert og Hege losa det heile igjennom på ein god måte. Vi hadde arrangementet her i Breim, i Breidarheim, men det var bygdekvinnelaga i heile Gloppen samt mållaget og frivilleghetsentralen som var ansvarleg for tilsellinga. Vi har desverre ikkje bilder frå denne dagen, men om nokon tok bilder, så kan de gjerne sende dei til meg (Kari Paulen), så kan eg sjå om vi ikkje kan få lagt inn eit eller to??