Temakveld - 8. mars - i Kandal Grendahus
"Vald i nære relasjonar" - Bjarte Gangeskar delar kunnskap med oss.
Temakveld - 8.mars
Stad: Kandal Grendahus
Tid: 19.30
"Vald i nære relasjonar" - Bjarte Gangeskar delar kunnskap med oss.
Alle velkomne til meir lærdom om eit viktig og vanskeleg tema.
Kveldsmat
Åresal
Møtet er ope for alle, vi gledar oss og ynskjer vel møtt.
Temakveld
Breim Bygdekvinnelag vil markere 8.mars ved å setje fokus på eit aktuelt og krevjande tema; Vald og overgrep i nære relasjonar.
Er dette noko som foregår rundt oss i den gode og rolege bygda vår? Korleis forheld vi oss til personar som er råka og korleis kan vi evt hjelpe nokon som opplever dette?
Bjarte Gangeskar er avd.leiar barnevern i Eid kommune. Han vil dele av kunnskapen sin med oss. Familievald, nettovergrep og trugsmål mot tilsette som jobbar med vald og overgrep er stikkord for tema.
Kvelden vert arrangert i Kandal Grendahus kl 19.30 og er open for alle. Bygdekvinner frå Kandal og Nedrebygda serverer kvelds etter foredraget. Dei håpar på mange til bords. Velkomen til Kandal!
Breim Bygdekvinnelag