Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Tur til Gravavatnet

Siste Bygdekvinnelagssaminga før sommaren var ved Gapahuken ved Bergheimsvatnet. Vi gjekk først tur inn til Gravarvatnet (dei sprekaste gjekk heilt inn til endes av vegen), på nordsida av elva som kjem frå Våtedalen. Flott veir og storslått natur, med innslag av slåttonn og kyr på vegen. Då vi kom tilbake så hadde Grete og Berit fått fyr på grillen (dei var ikkje med heilt inn til vatnet), så det blei først grilla pølser med tilbehør, og deretter kaker og kaffi. Vi var 22 stk som kosa oss først på tur og så i Gapahuken, kjekt å treffast i uformelle omgjevnader. Nokre kom gåande, nokre syklande og nokre med bil, takk til alle frammøtte som gjorde dette til ein kjekke kveld.