Hopp til hovedinnhold

Egdetveit og Vinje Bygdekvinnelag

Nov
01
Fri

Korgflettekurs i Solhall

Ungdomshuset Solhall i Holbygda, Vossestrand
-
Agnete H. Gilbakken tlf 917 88 560/agnete.gilbakken@gmail.com

Helga 1.- 3. november 2024 invitera Egdetveit og Vinje bygdekvinnelag til korgflettekurs.

Kurvmakar Hege Iren Aasdal og Kipemakar Samson Øvstebø kjem for å være læremeistrar. Dei har i mange år jobba med fleire typar tradisjonelle korger i prosjekt gjennom Norsk Handverksinstitutt, og Hege har hatt eit treårig stipendiat for Handverksinstituttet der ho har fordjupa seg spesielt i korger i splitta materiale.

I Noreg har det tradisjonelt vore laga mange ulike typar korger i splitta material. Ein delte pinnar for å gjere dei smidige nok, og jamne nok til å flette med. Frå naturen si side er ingen pinnar like, så dei må verta arbeida med for å verte jamne og like nok til å setja saman til ei korg. Det gjer ein for hand, med kniv og eventuelt ein høvel. Framgangsmåten er ganske lik sjølv om ein kan bruke mange ulike materialar. Deltakarane vil lære å splitte og bearbeida materiale for hand og laga alt til egne kiper. Ein kan velja mellom dei tre ulike kipene på bilete under.

 

Les meir om Hege her: https://kurvmaker.no

PÅMELDING innan 1. oktober 2024 til Agnete. 

Begrensa antal plassar etter "fyrstemann til mølla prinsippet".