Hopp til hovedinnhold

Egdetveit og Vinje Bygdekvinnelag

Årsmøte

Årsmøte i Egdetveit og Vinje Bygdekvinnelag vart halde 22. oktober 2024 i Solhall.

Styret hadde laga god grønsaksuppe på råvarene som vart dyrka i sommar i prosjektet Dyrk i eigen hage med kompost. #nøysom. Margrethe og Agnete baka kake til kaffien etterpå. Maries Custers kom frå styret i Hordaland Bygdekvinnelag. Det vart valt nytt styre for 2025, der alle som stod på val tok attval. Slik ser styret ut for 2025:

Leiar:  Agnete Hommedal Gilbakken - 1 år

Kasserar: Kjellrun Hommedal - 1 år

Skrivar: Jorunn Gjøstein - 2 år

Styremedlem: Margrethe Bratthole - 2 år

Styremedlem: Sissel Mæland - 1 år

Varamedlem: Sigrunn Ure - 1 år

 

Valnemnd:

Irene Skjervheim - 1 år

Aud Oddny Gjerald - 2 år

Revisorar: Gerd Hole og Sissel Mæland