Dyrk i eigen hage med kompost. #nøysom
Egdetveit og Vinje Bygdekvinnelag har i sommar hatt dyrkeprosjektet: Dyrk i eigen hage med kompost.
Pernille som er med i laget er ivrig grønsak- og fruktdyrkar der ho nyttar eigenprodusert kompost som jord. No ville ho lær bort kunsten til bygdekvinnene! Når snjoen var vekke i vår kunne me starta prosessen med å så frø. Pernille stilte med kompost! Me laga til 3 pallekarmar på papp direkte på eit jorde. Det vart sådd løk, gulrot, poter og reddik. Me hadde faste møtepunkt utover sommarsesongen, der me observerte veksten og tynna ut. Pernille viste oss også undervegs korleis me kan laga vår eigen kompost. Sidan me sådde i kompost var det ikkje noko ugras å sjå! Når hausten kom var det på tide å hausta. Reddiken var ferdig fyrst, deretter løk, gulrot og potet. Grønsakene vart synt fram på hausttakkefesten i Vinje kyrkje, og no skal dei nyttast til grønnsaksuppe på årsmøtet i slutten av oktober!