Hopp til hovedinnhold

Egdetveit og Vinje Bygdekvinnelag

Sommartur til Osterøy

Som tidlegare hadde me bestilt Hommedal Taxibuss til å frakta oss til Osterøy og rundt om på øya.

Osterøy er ein stad me berre køyrer forbi på veg til Bergen og som mange ikkje har besøkt. Denne gongen var me 11 damer i bussen + ein stødig kvinnelig sjåfør, Åse Britt, som køyrde oss dit me ville og venta tålmodig kvar gong me stoppa. Fyrste stopp var Valestrand der me hadde tinga kaffi og nysteikte bollar hjå Krisztina på Eides kafé og Garnhandleri. Her var det ikkje berre god kaffi og boller å få kjøpt men garn, møster og alt ein kan tenkja seg av strikketilbehør. Her fekk me topp service og kosa oss skikkelig i den trivelege kafeen. Etterpå var planen å sjå på Ole Bull huset på Valestrand,men det endte med at me berre fekk med oss eit rosa hus i ein park som ikkje såg ut til vera berekna på turistbesøk så me sette kursen mot Lonevåg, kommunesentret på Osterøy. Her hadde me ein kort stopp og kikka litt i butikkane før me drog vidare.

Neste stopp var Mjøsvågen. Me rusla litt rundt og såg på Hosanger kyrkje som låg fint på ein høgde nede ved sjøen. Nedanfor var det flott badeplass, men diverre var det ingen som hadde badedrakt med. Me hadde bestilt guide som skulle visa oss rundt og fortelja litt om bygningane og aktiviteten som hadde vore i Mjøsvågen i tidlegare tider. Åse møtte oss til avtalt tid og tok oss med langs rekka av gamle bygningar rundt heile vågen. Me var innom ein kisteverkstad som laga dei store utstyrskistene, Amerikakoffertar og seinare mindre koffertar. Me var og innom ein treskofabrikk og her laga dei framleis litt tresko. Eit anna av dei gamle sjøhusa var rusta opp og brukt til kafé om sommaren og ellers på sundagar. Kafeen vart drive på dugnad av foreninga Mjøsvågens venner. Til sist var med innom kunstgalleriet på den grøne fabrikken der det nettopp var opna ny utstilling. Her fekk me og besøka Flabellina, ei flytande kunstbadstove. Denne gjekk det an å tinga og så ta badstove og dukka seg i sjøen etterpå.

Etter to timer med utruleg mykje informasjon tok me oss ein ispause på den koselige landhandelen i Mjøsvågen før me sette kursen mot Fotlandsvågen og Fjordslottet hotell der me hadde bestilt middag. Her fekk me eit nydeleg måltid med svinesteik med godt tibehør og Panna cotta til dessert. Mette og litt «segne» sette me kursen heimover etter ein tur med god stemning og mange nye inntrykk frå stader me ikkje hadde besøkt før.