Strandamessa 2024
Strandamessa 2024 med mykje god mat, prat og godt besøk!
I helga 23.- 24.november vart Strandamessa 2024 gjennomført i Sambygg på Vossestrand. Oppheim&Hauge og Egdetveit&Vinje Bygdekvinnelag arrangerte som vanleg Strandamessa og det er no 30 år sidan messa vart arrangert for fyrste gong! Heile veka har gått med til førebuing av å laga tradisjonsmat til kafeen som held open under messa. I tillegg til mange flinke utstillarar, selde bygdekvinnedamena blodkodler, supanesoppa, blodpannekaker, hot dog (til dei som ikkje hiv seg på tradisjonsmaten...), kaffi og kaker. Maten er lika viktig som utstillarar for mange av dei besøkjande gjestene. Kor mange som har vore innom i år er usikkert, men det var godt med folk både laurdag og sundag! 400 blodkodler, fleire hundre blodpannekaker og 50 liter supanesoppa vart iallefall selt. Fleire utstillarar melde også om godt sal båe dagar. Takk til alle som kom på besøk, alle som stilte ut og ikkje minst alle Bygdekvinnene som laga til og stod på i fleire dagar for å få Strandamessa 2024 vel i hamn!!
Les meir om Strandamessa i avisa Hordaland her: