Hopp til hovedinnhold

Egdetveit og Vinje Bygdekvinnelag

STRANDAMESSA 2025

Stort oppmøte og mykje god mat!

Strandamessa 2025 vart atter ein gong ein stor suksess! Laurdag 22.nov og sundag 23.nov farta bygdafolk og andre utanbygdarar til Sambygg for den årlege Strandamessa. Her var det mange flinke og flittige utstillarar som viste fram og selte flott produkt!!

Kafè med tradisjonsmat som supanesoppa, blodkodler og blodpannekaker fekk bein å gå på. Ca 700 blodpannekaker og 360 blodkudler vart produsert og fortært. Damena starta produksjonen allereie tysdag før messa, og vidare var det full produksjon onsdag, torsdag og fredag. Her er det eit stort stykke arbeid som vert lagt ned!

Strandamessa er eit samarbeidsprosjekt mellom Oppheim/Hauge og Egdetveit/Vinje Bygdekvinnelag.