Strikkekveld på Garnsenteret
Ein gjeng ivrige bygdekvinner møttest i førige veke på Garnsenteret til medlemskveld. Liv Marion fortalde om historia til butikken, og det var veldig interessant og kjekt å høyre. Me diskuterte og kikka på ulike strikkeplagg, drakk kaffi med noko attåt og kosa oss utover kvelden. Nokon vart frista til innkjøp av nye prosjekt! Takk for ein koseleg kveld!