Kvinnesakspionerene
I samarbeid med Eidsvoll Bygdekvinnelag inviterer vi til foredrag med forfatter Magnhild Folkvord på kvinnedagen📢 Foredraget har tittelen "Kvinnesakspionerene: for stemmerett, for kvinnefrigjering."
Magnhild Folkvord er journalist og forfattar. Ho har skrive bøker om markerte kvinner som Fredrikke Marie Qvam, Betzy Kjelsberg og Magnhild Haalke. Både som journalist og forfattar har Folkvord vore oppteken av å fremje fagrørsla og kvinnerørsla.
𝗢𝗺 𝗳𝗼𝗿𝗲𝗱𝗿𝗮𝗴𝗲𝘁:
Gina Krog (1847-1916) var ei av dei mest sentrale kvinnesakspionerane i Noreg frå 1880-talet og til kvinnestemmeretten var i mål i 1913. Men ho var på ingen måte åleine, og iallfall to av medarbeidarane hennar kom frå Eidsvoll – Cecilie Thoresen og Agnes Lie.
I 1889-90 var det minst 45 kvinner frå Eidsvoll som skreiv under på kravet om «stemmerett for kvinner på same vilkår som for menn». Kven kan tenkjast å ha ei oldemor eller tippeoldemor blant underskrivarane?
Stemmeretten var ei viktig sak for kvinnesakspionerane, men langt frå den einaste. Den kvinnefrigjeringa Gina Krog og medsøstrene hennar arbeidde for, omfatta mykje meir.
🎟Kjøp billett her: https://booking.duell.no/norsk-folkemuseum/eidsvoll-1814/event/foredrag…
🍷Kafe Standpunkt er åpen og selger 1814-suppe m/brød, samt vin, øl og snaks.
Foredraget starter kl. 18.14 og det er ingen plassreservasjon så det kan være lurt å komme tidlig for å sikre seg en god plass.
Velkommen!