Hopp til hovedinnhold

Fuglsetfjorden Bygdekvinnelag

Aksjon oppmerking av stiar frå fjord till fjell.


Merketur

I regi av Norges Turlag har Bygdekvinnelaget og Idrettslaget saman merka oppatt løyper/stier på Sørsida av Høyangerfjorden.Bygdekvinnelaget representert av Kari Anne Brekke og Sølvi Gunn Kalstad

har merka stølsvegar over ein 2-års periode.På desse turane vart det måla opp nye merker med lysblå farge, som erstatter den raude tur-løypefargen som har vore før.

Bygdekvinnelaget har merka skogsstien frå Dyrdal til Kaldbakk,Søreide til Kaldbakk og frå Kaldbakk til Stigane.I Bjordal var vi med å merka stien til Oslandsstølen i to omgangar,første del i 2015, og siste del i 2016.Dette arbeidet gjer at det er råd for alle som vil å ta seg opp på fjella og stølane vi har i nærområda.Kart og løypeoversikt fås hjå Turlaget i Sogn og Fjordane/Nærbutikk/Turistinfo.