Debattmøte: Kven skal eige jorda?
I samarbeid med Gloppen Mållag, Gloppen Bygdekvinnelag og Gloppen Bondelag inviterer Nationen og Gloppen folkebibliotek til landbrukspolitisk møte.
Onsdag 2.mai kl 20.00 Gloppen folkebibliotek, Trivselshagen, Sandane
Kommentator Hilde Lysengen Havro i Nationen presenterer boka "Kven skal eige jorda - ei bok om mat og makt." Boka fortel om kappløpet om Ukrainas fruktbare svartjord, om polske småbønder under press, om den britiske landadelen og om leigejorda i norsk landbruk.
Paneldebatt om mat og makt
I Sogn og Fjordane er leigejordandelen på 40 prosent. Kva tyder dette for landbruket i Sogn og Fjordane? Bør bønder eige eller leige jorda? Og kva tyder det for matproduksjonen når så mykje jord er leigd?
I panelet:
- Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag
- Brit Inger Skaar, leiar i Sogn og Fjordane bonde og småbrukarlag
- Sigurd Reksnes, fylkesleiar for Sogn og Fjordane Senterparti
- Knut Vebjørnsen, prosjektleiar Mo og Øyrane vidaregåande skule,
avd M
- Sigurd Reksnes, fylkesleiar for Sogn og Fjordane Senterparti
- Hilde Lysengen Havro, kommentator i Nationen
Debattleiar: Hege Lothe
Arrangementet er gratis
Debattmøtet er ein del av 100-årsfeiringa til Nationen og har fått støtte frå Fritt Ord.