Hopp til hovedinnhold

Gloppen Bygdekvinnelag

Emma Alme (i midten) og Jorunn Sande (til venstre) fekk utdelt ei Noregs bygdekvinnelagstavle som takk for engasjert medlemsskap i over 40 år.

Jubileumsskriftnemda har gjort eit svært godt arbeid, og laga eit spennande jubileumshefte. Dei fekk stor takk frå laget. Frå venstre: Astrid Gloppestad Søreide, Kjellrunn Hovstad, Ellinor Solheim Fagerli og Sigrunn Lundestad fekk blomar. Og Else Tystad overrekte dei.

Her er bilete av helsinga frå Nesjane bygdekvinnelag. Det var helsing frå alle dei andre lokallaga i Gloppen, frå Sogn og Fjordane bygdekvinnelag og frå Noregs bygdekvinnelag.

Hyen bygdekvinnelag helsa med flotte dikt og takka for godt samarbeid gjennom mange år.

Flott song av Rygg Songlag

Ordførar Leidulf Gloppestad helsa Gloppen bygdekvinnelag. Han takka for at laget er ein tradisjonsbærar og er ein av grunnane til at Gloppen kommune kallar seg ein kulturkommune. Han overrekte ein blomebukett og ei gåve på 3000 kroner.

Bordsete med festtalar Hildegunn Gjengedal (t.v) held ei svært interessant tale om kvinner i landbruket over heile verda.

Her sit ein smilande ordførar omgjevne av bra bygdekvinner!

FLOTT FEIRING.


Laurdag 7.april var det duka til  80 års jubileum til Gloppen Bygdekvinnelag.Det var ein flott og innhaldsrik fest, med hyggeleg bordsete og veldig god mat i Ljosborgstova på folkehøgskulen.