Hopp til hovedinnhold

Gloppen Bygdekvinnelag

Januarmøte "Bokåret 2019"


Vi opnar bokåret 2019! Kom og høyr Torill Berge frå Gloppen Folkebbliotek lese og inspirere oss. 

Gloppen Bygdekvinnelag vil på januarmøtet sitt markere bokåret 2019. Saman med Gloppen Mållag blir dette opning av bokåret 2019 i Gloppen. Vi har invitert biblioteksjef Torill Berge til å lese for oss og gje oss leselyst og inspirasjon til vidare lesing. I heile landet vil det bli markert at det er 500 år sidan den første boka blei trykt i Noreg. Året 2019 blir ei feiring av boka, litteraturformidling og lesing. På møte vert det informasjon om leseven i Gloppen, ei ordning der frivillige les for andre som ikkje kan lese sjølv. Det vert også boklotteri, med brukte bøker. Ta gjerne med ei bok du ønskjer sende vidare, samt kontantar til lotteri og kaffipengar. Bygdekvinnelaget har som tradisjon å ete felles kveldsmåltid på sine møte, det blir tid til mykje god prat under måltidet. Fint om du tek med litt pålegg til dette. Arrangørane syter for brød, smør og kaffi/te. Som vanleg avsluttar vi med eit lite ord til ettertanke. Velkomne til ein kveld om leseglede i triveleg lag!

Alle er velkomne!

Helsing Gloppen Bygdekvinnelag og Gloppen Mållag.