Kveldsmøte 8. mars
Bygdkvinnelaget sitt marsmøte er på onsdag 8. mars. Her møter vi andre kvinner til eit fellesskap på tverrs av kultur og generasjon. Det vert appallar ved Karoline Bjerkeset (Sp), Katrine Anita Heggelund (SV) og Sandra Tenud (Auf), diktlesing ved Torill Berge, song av Hege Alme til gitarspel av Jørn Moen og god prat rundt eit felles kveldsmåltid. Kvelden vert leia av Hege Lothe. Arrangementet er gratis, men ta gjerne med eit pålegg til kveldsmåltidet. Velkomen på Gloppetun kl 19.30.