Hopp til hovedinnhold

Gloppen Bygdekvinnelag

Midtsommerdans på Aaraas gård 21-23.juni


Vil du vere med på ei helg med mykje musikk og dans? Aaraas gård har invitert Austrheim musikklag til midtsommardans og du har også sjansen til å bli med!

Margrethe Henden Aaraas og Olav Aaraas har invitert Austrheim Musikklag til Aaraas denne helga, og det blir eit variert program med mykje dans og musikk, men også avsett god tid til omvisning på garden. Det er sikkert mange i Gloppen som kjenner Margrethe, og som ynskjer å besøke garden og sjå korleis dei driv garden idag. Dette er det høve til no. Vi ynskjer difor å invitere med oss publikum frå Gloppen på dette. Det er utarbeidd eit spennande program med konsertar, dans, kafe og omvisning i løp av fredag og laurdag. I tillegg til musikk frå Austrheim musikklag bidreg folkedanslaget Kjerringa med staven, Nitelva frå Nittedal og Snaustrinda spelemannslag frå Trondheim.

Vi har sett opp ein buss som går frå Sandane fredags-morgon og retur søndag. Dette kostar 500 kroner pr. pers. pr. veg. (forbehold om at bussen kan bli oppfyllt)

Det einaste de må ordne sjølv er overnatting. Alternativ er hotell i nærleiken: 
- Moxy Oslo X: tlf. 23 96 55 31

- Quality Hotel Olavsgaard: tlf. 63 84 77 00. 

- eller td. privat innkvartering dersom nokon har familie eller kjentfolk i området  

Vi hjelper til med skyss til og frå hotella - Aaraas Gård etter avtalte tider. 
Vi håper dette kan vere noko de vil vere med på. 

Ta kontakt innan 10.juni, eller gjerne i god tid før (pga bussen), om nokon i Gloppen Bygdekvinnelag ynskjer å bli med. 

 

Mvh

Liv Fridtun

for Austrheim Musikklag 

tlf. 915 34 679 

epost: lfridtun@online.no