Møte 14.november
Det er tid for nytt møte i Bygdekvinnelaget! Alle er velkomne på Gloppetun tysdag 14.november kl 19.30.
Gründerkvinnene Eirin Ryssdal i Ryssdal Vaktel og Katrine Anita Haugerøy Heggelund i Piknikkurven vil fortelje om bedriftene sine. Det blir smaksprøver og sal av vaktelegg. Helse og omsorgsleiar og Frivilligsentralen vil vise informasjonsbrosjyre om aktivitetar og møteplassar for seniorar. Det blir faste programpostar og felles kveldsmåltid der vi alle tek med eit bidrag.
Velkomne!