Populær laurdagskafe
Ein kald januardag vart Framhald fylt med folk og god stemning då Ungdomslaget Romsdalshorn og Grytten bygdekvinnelag inviterte til laurdagskafé med sitt populære kakebord.
Laurdag 24. januar tok over 100 personar i aldersspennet frå 2,5 månader til godt over 80 år turen innom og fekk ein hyggeleg dag med kaker i mange varianter, bollar og sveler. Det bugnande bordet med heimelaga bakst synte tydeleg at både Grytten bygdekvinnelag og Ungdomslaget Romsdalshorn har mange dyktige kakebakarar i rekkene sine.
Rundt borda gjekk praten lett og livleg. Folk frå nærområdet møttest saman med gjester frå andre bygder til uformelt samver, latter og gode samtalar på tvers av generasjonar. For dei yngste var det lagt til rette med fargelegging og teikning, medan loddsalet skapte spenning og engasjement blant både små og store. Etter kvart vart gevinstane delte ut til glade vinnarar.
Kafédagen bar preg av stort engasjement, god dugnadsånd og ei open og inkluderande stemning. Takknemlege besøkande takka for seg med at «vi kjem att neste år!»