Vel gjennomført kurs
Laurdag med beskjering av frukttre og bærbusker
10 ivrige hageinteresserte med komunegartnaren i spissen diskuterte og praktiserte beskjering av frukttre og bærbusker i godt over 4 timar. Også roser vart nemnt. Sjølv under matpausen med Eli sine fantastiske nybakte rundstykke heldt vi oss til temaet.
Hagen på Høljenes var ein skikkeleg tumleplass for gjengen som fekk prøvd/demonstrert diverse utstyr. No blir det oppfrisking av frukt- og bærhagane rundt om i Rauma!