Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Ein fin kveld på Tuftelia Vertshus

Forrett, spekeskinke og melon.

Hovudrett: Kalvesteik, gulrøter, broccoli, poteter, tyttebærsyltetøy og SAUS.

I spisestova.

"Ut og eta" kveld, kjempetriveleg!

Eigar, innehavar, kokk og servitør, Gro Odden.

Det smakte godt med ein kaffikopp og Kvæfjord kake!

23. januar 2018, medlemsmøte.


Ein triveleg januarkveld.

Januar er "luksusmånaden" vår. Vi finn ein hyggeleg og høveleg stad der vi kan gå ut og eta. I år valgte vi Tuftelia Vertshus. Tuftelia har bytta eigar og innehavar , og vi syntes det ville vera spennande å sjå innomhus her. Vi vart ønskt velkommen av den nye eigaren, Gro Odden. Ho fortalde oss litt om Tuftelia før i tida og litt om korleis ho kan tenkje seg framtida her. Gro er både kokk og servitør. Middagen var i dei beste hender! Til forrett var det spekeskinke og melon. Hovudrett var nydeleg kalvesteik med grønsaker, poteter og ein herleg saus. Det er noko som heiter: "Det er sausen gjer susen"! Sant nok, men her var alt svært velsmakande! Vi fekk servert kaffi og "Verdas beste" oppe i salongen. Leiaren vår hadde noen få saker som me tok opp.                                                                                                      im