Hol BK
Bygdekvinnelaget, møteplass for aktive kvinner

Alle i fine T-skjorter

Medlemsmøte

Det var stort frammøte på det første medlemsmøte i det nye året. Vi hadde ein god del lagssaker og referatsaker frå NBK og BBK. Vi drøfta arbeidslista for 2017. Det var ein grei sak. Styret hadde gjort eit godt forarbeid med den. Vi drøfta litt kva slags kurs medlemmane ønska seg. Vi snakka om jubileumsfeiring. Vi er jo 60 år i år. 8.mars vart nemnt som dag til å feire jubilanten. Styret stilte med god servering, det var både kabaret med loff og deilege kaker med kaffi. Vi hadde utlodning, og som god tradisjon er, alle vann! Vi hadde utdeling av T-skjorter til alle i laget. Det var "Bygda i bevegelse" som gav oss økonomi til å spandere desse fine T-skjortene på alle. Vi har forklede frå før, men vi syns det er fint å representere laget "utafor kjøkkenkroken" også! No kan vi "sprette på" i like T-skjorter... Så vart det fotografering!

Bli medlem