Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Tema for kvelden.

Kasserar, leiar og skrivar i laget i 2017

Godt frammøte!

Me fekk servert deileg grønsaksuppe.

Me kom til lekre pynta bord.

Fin hauststemning.

Årsmøte 2017. 31.okt.


Årsmøtet , ein triveleg kveld med mange rundt bordet!

Me kom til nydeleg dekka bord. God stemning i stugu. Leiaren ønskte velkommen og leia møtet med stødig hand. Valet gjekk greit, valkomiteen hadde gjort eit godt forarbeid. Leiaren frå 2017 held fram eit år til. Kasseraren gav seg etter åtte år. Tusen takk til Berit for framifrå jobb gjennom mange år! Elles var det ikkje så store endringar. Noen gjekk ut og andre kom inn. Me ønsker det nye styret lykke til i 2018. Hovedtema denne kvelden var Nerol økologiske andelshage. Marit fortalde og synte bilete frå arbeidet i hagen. Marit hadde med seg Fatima Yusuf som er ein dyktig og ivrig hagearbeider.Me fekk god tid til å prate om aktuelle saker i laget. Me fekk god bevertning. Grønsaksuppe smakte godt i haustkulda. God, varm kaffi og gode kaker. Tusen takk til styret som stelte til så godt og triveleg møte.    im