Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Nerols økologiske andelshage

Litt regn, pytt sann! Fin ettermiddag i hagen.

Servering i drivhuset.

Stor grønsaksuppegryte og varm eplekake mes is, kaffi og te.

Mørket fall på , stemningsfyllt i drivhuset!

Hol BK på besøk i Nerols økologiske andelshage.


Torsdag 13.september 2018

Medlemsmøtet i september. Vi var i Nerols økologiske andelshage. Her var det mykje å sjå, utruleg mange sortar, både kjente og ukjente. I denne hagen er det 17 som har ein andel. Vi var imponert over mangfaldet. Marit fortalde mykje interessant om hagestell, ein lærerik kveld. Etter omvisning og "hagekåseri" vart vi invitert inn i drivhuset. Her var det dekt kosleg til alle gjestene. Vi fekk servert deileg, varm grønsaksuppe, med grønsaker frå hagen sjølvsagt, og heimebaka brød. Kaffi og varm eplekake med is. Moro var det at eplene i kaka var frå hage i Hol. Vi er ikkje bortskjemte med epletre som gir stor , god avling, i hagane her i Hol. Leiaren vår formidla lagssaker. Det dreide seg om referat frå Holsdagen, haustmarknaden, innkjøp av messetelt,  aksjon for norsk bygg, sonemøte i Dagali 20. sept. Vi bestemte dato for årsmøtet: onsdag 24. oktober. Tusen takk til Marit, Kari og Tone for fint og godt møte. im