Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Billedkunstnar Gunnveig Nerol disponerer mesteparten av 2. høgda

Gardinene må kuttast.

Her får "Leif og Lorry" stor og god plass til møbelproduksjon!

Det er mykje handsaum på ein bunad!

Her blir det sydd fine klesplagg.

Irene ved kuttemaskina, starten på prosessen med furugardina.

Hol BK på Hovet næringssenter.


Tysdag 24. april 2018

Det var godt frammøte då Hol BK gjesta Hovet Kultur og aktivitetssenter tysdag kveld. Omvisninga starta i underetasjen hjå Irene Grøgard som her har fått eit stort lokale til produksjon av Grogard FURUGARDINER, Grogard AS. Vi fekk sjå eit imponerande arbeid, ein imponerande og spennande arbeidsprosess! I fyrste høgda var det store endringar sidan Hovet skule vart lagt ned i 2015. Ingen rom var attkjennande. Her installerer "Leif & Lorry" (Leif Aulie og ein kamerat frå Island.) seg med MØBELdesign- og produksjon.. Me fekk sjå ein fin video av utruleg flotte møbelløsningar. I andre høgda held BILLEDKUNSTNAR Gunnveig Nerol til. Her også var det såå mykje interessant og imponerande å sjå. Ho fortalde ein del om prosessen av ulike type kunstarbeid. Me fekk beundre mange av hennar kunstverk som ho no har plass til å ha framme.

 

 

Foto: (til venstre) Spennande for ein bunadstilvirker å finne det rette materialet. (til høyre) Ved veven. Foto: Inger Margrethe Medhus     

Klasserom nr. 3 hadde ikkje Gunnveig brukt for, så her flytta det inn 3 utruleg dyktige damer med fellesnemnar SAUM. Anne Marit Nerol og Guro Espegard er bunadstilvirkarar ( syr bunader og folkedrakter med gamle handsaumteknikkar heller enn symaskin), og Kari Drønen med saum av klesplagg. Vi ønsker alle handverkarane LYKKE TIL vidare i arbeidet! Etter omvisninga var det ost ( frå Hol Ysteri ) og kjeks og kaffi. Tusen takk til Anne Marit, Anne Lise og Kjersti for ein flott BK-kveld. im