Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Driftige bygdekvinner serverer god bakst og kaffi.

No er vi klare til servering!

Glimt frå Holsdagsferda.

Holsdagen 2017


Ein flott dag på Hol Bygdamuseum.

Etter Messe med brurevigsle i Hol Gamle kyrkje gjekk brureferda langs Holsfjorden fram til Museumsgarden. Her vart det iscenesett eit godt, gamaldags bryllaup. Det var god underhaldning med spel og dans. Gjestene kunne kose seg med god heimbakst og kaffi. Tusen takk til Ann Kristin, Marit, Berit og Kari. Det var også representantar frå Bygdekvinnelaget som var med å sette på dei spesielle hovudplagga: hårlag, hette, hovudklut og jentepannelin.