Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Triveleg møte.

Medlemsmøte 14.feb. 2018

Februarmøtet samla mange av medlemmane våre. Vi hadde satt "Renovasjon og søppelsortering" på programmet.

Helge Svarstad kom frå Renovasjonen i Kleivi. Han hadde mykje å fortelja om ei ny søppeltømmeordning som eigentleg ikkje er heilt ny, men endra noko.

Det var eit interessert og lydhøyrt "publikum" han hadde. Det vart mange spørsmål. Ei verdfull gjennomgang av handtering av søppel.

Det vart servert deileg salat med ferske, varme rundstykke. Det smaker så godt med mat når ein kan sitja mange rundt bordet, og i dag var vi nesten tjue!

Kaffi og kake, nam, nam. Utlodning er populært, vi kosa oss med den. Alle vann! Spennande og moro!

Tusen takk til Tone B, Inger R. og Inger Margrethe for eit triveleg møte.