Hopp til hovedinnhold

Hol Bygdekvinnelag

Torill Hakkeset fortel om stølen si historie.

Vi hadde det såå triveleg.

Ein flott kveld med god mat og godt selskap.

Lekker forrett.

Kaffi og kaker.

Kveldens lotteri.

Triveleg vinterkveld på Hakkesetstølen, 31. januar 2019

Glade bygdekvinner på tur til Hakkesetstølen. Ein gong i året spanderer laget ein kveld "ut og eta" på uss. Det vart ein kjempetriveleg kveld her på Hakkesetstølen. Torill på Hakkeset fortalde interessant historie om plassen. Me fekk deileg middag, kaker og kaffi. Svanhild hadde dikta flott song med mange vers frå sist vi var her i 2010. Vi har ein dyktig diktar blant uss! Praten gjekk lett og livleg. Me fekk utdelt årsplanen, så no kan vi gjera vårt for at aktiviteten blomstrar utover i året. Kvelden vart avslutta med lotteri og alle gjekk nøgde heim med gevinst.