Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Bildekollasj av Kleppenes gard, utsikt og matrettar

Årsmøtet gjekk føre seg på Kleppenes gard Foto: https://www.facebook.com/kleppenesgard

Høgt aktivitetsnivå i Hyen Bygdekvinnelag

Også i år hadde Hyen Bygdekvinnelag årsmøtet sitt på Kleppenes gard. 20 medlemmer møttest 30. oktober for å gå igjennom året og leggje planer vidare.

Før årsmøtet starta las leiar to vakre dikt og vi song "De nære ting". Vi hadde seinare matøkt med velsmakande pai og salat, og det var utlodning. Sjølve årsmøtet gjekk fint, og her er eit lite samandrag av årsmelding, årsplan og val: 

Før jul i fjor hadde vi adventskafé med mini-julemesse, julegrantenning for skulen, og styret var innom ukrainske familiar med ei førjulshelsing. Førjulskvelden i Kleppeneset tok for seg lappeteknikk. Ved hjelp av støtte frå “Huset i Bygda” og lokale organisasjonar fekk vi kjøpt inn ein flott dampomn til bygdekjøkenet, og denne vart montert og ordna med etter jul. I februar arrangerte vi først hyggjemøte på Løkjatunet bufellesskap, og deretter temakveld med Annette Holme, om dei første lærarinnene i Gloppen. Fire fredagar i februar/mars prøvde vi oss på “mini-kafé” utan middags-servering, og mars/april arrangerte vi takkebakstkurs, tapaskurs, førstehjelpskurs og engelskkurs.  

Den populære komparkaféen var 30. mars, og tradisjonen tru leverte vi komparmiddag til Løkjatunet. I april reiste 17 medlemmer på besøk i Runnevang på temakveld om det nye settefiskanlegget, og 23 medlemmer deltok på jubileumstur til Håjen kafe i Naustdal og konsert med Sissel Kyrkjebø i Førde. 15. juni var det fellestur med pensjonistlaget til Aasen-tunet der 22 deltakarar fekk interessant omvisning både ute og inne. Olav Hjorteset har gjeve midlar til bygdekvinnelaget for å lage aktivitet for Løkjatunet, og styret har ordna tur for dei til Sagastad og hotellmiddag, og elles ordna med kaffimat og minikonsert. 

Nokre medlemmer har laga potetkake på Nordfjord Folkemuseum, nokre har delteke på “Kvinnestreif” i Lærdal, mange har ordna med matservering i Friluftshelga, og laget har støtta sceneteppe til gymsal og leikekjøken til barnehagen. Rett før årsmøtet arrangerte vi haustkafé med betasupe. Styret har hatt seks styremøte og vi har hatt representantar på distriktsårsmøte og regionssamling.

Framover vil vi halde fram med dei tre stor-kaféane, førjulskveld, hyggjemøte og fellestur med pensjonistlaget. Temamøtet får besøk frå Upscale, og årets kurs vert takkebakst, førstehjelp og soppkurs. Vi har også som mål å delta på Hausttakkefest i kyrkja, og få til blomstermøte i Eimhjella, fellesmøte med bygdekvinnene i Gloppen og 17. mai-kveld med spelemannslaget. Styret etter årsmøtet er Sølvi Espeland Hope, Judit Aa, Liv Holme og Eli Johanne Mjellem, medan Kirsti Meyer Hope, Aslaug Ommedal og Gerd Lilloe Olsen er varamedlemmer.