Utstilling av dåpsklede og brudeklede
I samband med Friluftshelga i Hyen laga Hyen bygdekvinnelag utstilling med blant anna 17 dåpskjolar og 18 brudekjolar.
Bygdekvinnelaget har tradisjon for å lage til utstilling i Friluftshelga i slutten av juli, og i år kom ideen om å rette utstillinga inn mot drakter frå dåp og bryllaup, sidan Hye-kyrkja feira 150-års jubileum tidlegare i sommar. Judit Aa, Anne Turid Aa og Sølvi Hope har organisert lån av historiske klede frå heimane rundt om i heile Hyen, og ordna det heile i ei innhaldsrik og informativ utstilling i samfunnshuset. I tillegg til sjølve dei historiske tekstilane, kunne dei besøkande sjå flotte bilde frå mange av hendingane der kleda vart nytta, eller tilsvarande hendingar. Både hyarar og utflytte hyarar fann nok seg sjølve på eit eller fleire av dei mange gruppebileta. Den eldste kjolen på utstillinga var ein dåpskjole frå 1841. Denne er framleis i bruk! Eldste innleverte brudekjole var frå 1913, og den nyaste brudekjolen vart brukt 4. juli i år. Før var svart den vanlegaste fargen på brudekjolane. Dei nyare kvite brurekjolane viser tydeleg dei skiftande motane gjennom tiåra. Ein av skattane i utstillinga var dei to kronebrurdraktene som finst i bygda. Bygdekvinnelaget leiger framleis ut brudestakk, forkle, skjorte og krone til dei som ønskjer det. Noko av det eldste og mest spesielle ein kunne sjå i samfunnshuset, var blejer og kristnaåkle. Blejer er eit rikt pynta stoffstykke som vart lagt over bringa på barnet. Dette var brukt før kvite dåpskjolar vart vanleg. Kristnaåkle er store vovne tepper som dåpsbarnet skulle pakkast godt inn i på den lange reisa ned dalane til Hye-kyrkja, eller, enda verre; heilt til kyrkja på Vereide eller i Naustdal i tida før 1876. Fleire av dei utstilte kristnaåklea er det Synneve Ommedal som har veve.
Hyen Bygdekvinnelag vil takke dei mange som velvillig har lånt ut klede, utstyr og bilete til utstillinga! Vi håpar og trur at mange syns dette har vore ei fin og interessant vandring gjennom bygda si historie.